Vann Hordablæsten
15/3/2009 10:31
Musikklaget har dei siste vekene jobba godt med programmet sitt. Førre søndag brukte dei dagen til seminar. På onsdag arrangerte dei huskonsert i skulen på Onarheim. Der deltok Tysnes musikklag og Tysnes skulekorps. Det vart ein konsert med mykje fin og variert musikk. Torsdag var det øving igjen med ekstra jobbing med det som ikkje fungerte heilt under konserten på onsdag.
Laurdag var det ein spent gjeng, på ikkje meir enn 15 personar, som entra scenen i Peer Gynt-salen med ”Månemannen, Tida går og Good Luck Charm” på notestativa. Dei gjennomførte programmet sitt flott (syntes underteikna, som sat i salen). Musikantane såg ut til å kose seg med spelinga, og dirigenten ,den livlige Arve Belt, levde seg svært så godt inn i musikken, men dei var nok litt usikre på korleis dei låg an samanlikna med dei andre korpsa. Det var ni korps i klassen for generasjonskorps og spenninga var stor under premieutdelinga.
Onarheim musikklag stakk av med førstepremien i år som i fjor. Ein flott prestasjon av eit korps som nektar å gje opp sjølv om det til tider er litt tynt i rekkjene.
Bilete: Andreas Lygre