No er den vedfyrte omnen klar til å steike pizza!

Lanserer eigen pizza

Publisert av: May Britt Meland
5/6/2020 11:03

Jasper og Nynke van Schaik på Myrdal Gard har ikkje lege på latsida i det siste. I pinsehelga kunne dei for fyrste gong ynskje besøkande velkomen i ein stor og romsleg gardsbutikk. Samtidig vart eit flunkande nytt produkt lansert: Myrdal ostepølse, eit samarbeid med Garden på Dalland.

I dag startar dei med pizzabaking! Pizzaen vert steikt i vedfyrt steinomn, og vil sjølvsagt innehalda ost frå garden. Ein av variantane har også den lokalproduserte pløsa Myrdal ostepølse.

Gardsbutikken vil halde ope onsdag til søndag frå kl 12 til 18.