Gunslingers og Lissie er klare for Tysnesfest

Publisert av: May Britt Meland
21/2/2018 20:30

Det er ei sann glede å ynskje både Lissie (US) og Gunslingers velkomen til Tysnesfest!

Countryrock-songaren Lissie slo gjennom i Noreg allereie i 2010, med singelen «When I’m alone» frå debutalbumet «Catching a tiger». Låta er strøyma nær 15 millioner gonger på Spotfy, og er med det ein av hennar største hits.

Lissie er født i 1982 og hennar fulle navn er Elisabeth Corrin Maurus. Men det er under artistnavnet Lissie amerikaneren er kjent. 35-åringen bur på sin eigen, 40 mål store farm i Iowa. Der har ho låve med eige studio. Lissie skriv all musikken sin sjølv.

Lissie er kjent som ei sann Noregsven etter sine mange besøk her i landet. Så seint som i fjor haust var ho gjesteartist då a-ha spelte inn sitt akustiske album «MTV Unplugged»

I mange av pressemeldingane om at Lissie skal spela i Noreg står det ofte at Lissie elskar Noreg, og Noreg elskar Lissie. Eg er sikker på at etter hennar opptreden på Gjerstad Arena vil me kunna seie at Tysnesfest elskar Lissie, og Lissie elskar Tysnesfest!

Lissie er større i Europa enn i heimlandet USA. Når ho kjem til Tysnesfest i juli, har ho det ferske albumet «Castles» med i bagasjen. I vår har ho turnert i mellom anna  Manchester, London, Amsterdam, Køln, Berlin, Hamburg, Stockholm og Zürich.

Hennar største hits er mellom anna «Blood & Muscle», «Go your own way», “When I’m alone” og “Everywhere I go”.

 

Me var ikkje i tvil etter fjorårets festkonsert i Bermudateltet: Me må ha Gunslingers tilbake i 2018.

 

Difor er det ei sann glede å ynskje eit av Noregs beste countryband velkomen til Tysnesfest, og denne gong på Gjerstad arena.

No vert det Viagra, biff og bearnessaus so det ljomar etter på hovudarenaen vår.

Gunslingers er opprinneleg frå Tørvikbygd, men populariteten deira har nådd langt forbi både Norheimsund og Øystese. Forutan å spele på dei største countryfestivalane i Noreg, sel dei også ut store konserthaller landet rundt.

Gruppa har eksistert i ti år og gitt ut eit halvt dusin album. Den mest populære låta er «32-18», som aleine har over fire milloner strøymingar på Spotify.

I februar spelte Gunslingers på Røkeret/USF i Bergen, og dette sitatet frå BT-meldar Einar «Engelen» Engelstad seier alt: «Det ble en kveld det virkelig var grunn til å svinge med cowboyhatten. En kveld der selv en kynisk kultursnobb av en anmelder storkoste seg på Veftet i selskap med Gunslingers, Rotlaus og 1200 elleville countryfans.»

 

Lissie og Gunslingers spelar på Gjerstad arena torsdag 12. juli.