Utspyling

Publisert av:
27/9/2013 09:50

Det vil verta føreteke utspyling av alle hovudleidningar i Tysnes Vassverk sitt område frå og med 30.9.13 til og med 1.10.13.

Spylinga startar kl. 08.00 og er ferdig innan kl. 18.00. Området Våge sentrum, Dalland, Teigland og byggefelta i Våge blir spylt ut dag ein, og dag to tar me for oss Gjerstad, Gjersvik, Godøysund og Tysnes garden.

Det kan i perioden verta trykktap på nettet og ein del farga vatn. Lat derfor kaldvasskrana stå open nokre minuttar, slik at det vert utspylt på eige nett. Ikkje opna varmtvasskrana så lenge du har brunt vatn i springen, då kan det leggja seg slam i botnen på varmtvasstanken.

Vi arbeider heile tida for å kunna levera best mogeleg kvalitet på vatnet til våre abonnentar. 

Ved spørsmål, ring 416 523 70.

 

TYSNES VASSVERK