Publisert av: Martha Nygård Lande
17/12/2021 09:54
Utdeling av kulturprisen
På kommunestyremøte 16/12, vart Tysnes kommune sin kulturpris for 2021 delt ut.
I år var det Morten Haaland og Lars Petter Epland som fekk prisen.
Det er leiar i Tysnes Musikklag, Aksel Lunde, som har nominert dei to.
Lars Petter og Morten har i mange år vore drivkreftene i det som er det største og mest aktive kulturtilbodet for barn og unge i alle aldrar.
Dei skaper aktivitet, møteplassar mellom generasjonar, og bidrar sterkt til eit mangfaldig kulturliv i Tysnes kommune.
Du kan lesa meir om bakgrunnen for tildelinga på Tysnes kommune si heimeside.