Ut og et med nokon du er glad i-veke

Publisert av: May Britt Meland
1/10/2021 18:47

Tysnes kommune har fått støtte frå fylket til å få «eldre ut på middag», eit koronaprosjekt for pensjonistane i kommunen (frå 65 år og eldre). No er det laga til eit variert program på dei forskjellige serveringsstadene på Tysnes, og dei gler seg til å ta imot gjester.

Alle har lov til å ta med seg éin person som følge, enten det er eit barnebarn eller ein god ven.
Ein kan tinga plass på to av serveringsstadene, om ein vil.

KOMPASSET:
Kompasset serverer heimelaga kjøttkaker m/tilbehør.

Måndag 11. oktober kl. 15.00
Onsdag 13. oktober kl 17.00

Etter middag vil det bli bingo.
Velkommen til ei hyggeleg stund.

Påmelding til Kompasset: post@kompassetbar.no, eller tlf 458 34 303.

 

LAUKHAMAR FRITID:
Fredag 15. oktober og søndag 17. oktober ønskjer me velkomen til middag hos Laukhamar Fritid.
Det blir to dagar med god mat og kulturelle innslag:

Fredag 15. oktober:
Kl. 18.00: Arne Torget, rimsmeden frå Husnes.
Kl. 19.00: Varmbuffet m/dessert og kaffi

Søndag 17. oktober:
Kl. 14.00-16.00: Varmbuffet m/dessert og kaffi
Kl. 16.00: Johanne Ø. Tvedten: Historia om Sivert og Sønneva

Ta turen saman og et med nokon du er glad i.

Påmelding til Laukhamar Fritid på tlf 993 31 168
Middagane på Laukhaumar Fritid og Kompasset er gratis, både for den som er 65 år eller eldre, og eventuelt følge.

 

HAAHEIM OG MANDELHUSET:
Velkommen til kyrkjekonsert og middag på Haaheim Gaard og Mandelhuset. Det blir to dagar med god mat og fin musikk.
Du kan velja å gå på middag saman med nokon du er glad i, før eller etter konserten.
Sundagen blir middagane på Haaheim Gaard, tysdagen blir dei på Mandelhuset.

Sundag 10. oktober:
Kl. 13.00: Tre-rettars middag på Haaheim Gaard (100 gjestar)
Kl. 16.00: Konsert med Marianne Tvedt, Irene Simonsen og Torstein Hatlevik i Tysnes kyrkje (200 gjestar)
Eigendel: 100,- (vert betalt i kyrkja)
Kl 18.00: Tre-rettars middag på Haaheim Gaard (100 gjestar)

Tysdag 12. oktober:
Kl. 14.00: Tre-rettars middag på Mandelhuset (100 gjestar)
Kl. 17.00: Konsert med Marianne Tvedt, Irene Simonsen og Torstein Hatlevik i Tysnes kyrkje (200 gjestar)
Eigendel: 100,- (vert betalt i kyrkja)
Kl. 19.00: Tre-rettars middag på Mandelhuset

Påmelding Haaheim Gaard: Tlf: 53 43 22 80, e-post: post@haaheimgaard.no
Påmelding Mandelhuset: Tlf: 53 43 21 00, e-post: booking@mandelhuset.no