Ungdomsråd i Tysnes

Publisert av:
13/3/2009 08:07

Ungdomsråda kan ta opp saker dei brenn for og får møta i utval og kommunestyret med rett til å koma med ungdommane si meinig om saker.

 

Kommunestyret vil kvart år løyva midlar som ungdomsrådet bestemmer over.

 

Laurdag 21. mars kjem ungdommar frå Sveio og skal fortelja korleis dei arbeider i ungdomsrådet der, me skal få vita kva dei gjer i Granvin og det blir musikkinnslag. Det skal veljast 4 representantar frå gruppa 16 – 19 år som skal vera med i rådet. Elevane på ungdomsskulen har alt kåra sine 5 utvalde til rådet.

 

Alle kommunar har eller arbeider for ungdomsråd i sine kommunar av di politikarane ønskjer å få dei unge sitt syn i saker for lokalsamfunnet.

 

Ta utfordringa! Møt laurdag 21. mars kl. 1615!