Publisert av: Martha Nygård Lande
25/4/2025 11:02
Bowling
Jostein Mehl vann Tysnesmeisterskapen for tredje gong på rad, så no må me gjera noko for å få han ned att på jorda.
Seriespelet enda me siger for Andersland Bygg 1 i første divisjon. Bygg Tysnes rykkjer ned i 2. divisjon. Andersland Bygg 2 vann 2. divisjon, og dei har gjeve melding om at dei er klare for 1. divisjon neste sesong.
Følgjande lag er klare for 1. divisjon:
Andrsland Bygg 1 og 2
Optimera
Alsaker Fjordbruk
Herde Kompositt 1
Tiko, Tysnes Golfklubb
Fronta.
Dersom nokon likevel IKKJE stiller lag, må dei melda frå til Helge.
Alle lag som ønskjer å spela i 2.divisjon, må melde seg på innan 25. august. Påminning vert sendt ut. Påmeldinga skjer til Helge.
Eg ønskjer dykk alle ein god sommar og velkommen til dyst i september!
Tekst og bilete: Helge Hauge