Publisert av:
26/3/2015 08:00
Ubudne gjestar
Camilla Korsnes fann ikkje berre ein, men heile tre ormar i går, 25. mars.
Ho fortel at ho hadde vore ein tur i skogen og funne bjørkeris då ho stogga ved ei tue for å konstantere at maurane hadde vakna til liv. Sola steikte og ho tenkte at her hadde nok hoggormen likt seg… Det var då ho oppdaga ikkje berre ein, men heile tre hoggormar berre nokre meter unna. Heldigvis hadde ho støvlar på seg, og fekk teke desse flotte bileta av ormane.