Trening i hjarte- og lungeredning

Publisert av: Martha Nygård Lande
21/11/2022 13:05

Fredag hadde Kåre og Anders eit veldig bra oppfriskingskurs i HLR (hjarte-lunge-redning) i Hålandsneset Grendahus.

Dei hadde med hjartestarter og øvelsesdokker slik at alle fekk prøve i praksis.
Mange gode tips vart formidla og diskutert.

Viktigast: Ring 113 og ta initiativ i redninga. Det verste er at ein ikkje gjer noko.

Ingrid hadde baka gjærbakst som smaka utmerka saman med kaffi og te.

Dette var kos, men eg håpar eg aldri får bruk for kunnskapen.

 

Hålandsneset Grendalag

Per Verner Aase