Publisert av:
12/11/2009 11:00
Tysnesmessa opna
Det var ordførar Helge Hauge som heldt opningstalen og erklærte Tysnesmessa 2009 for opna. Han takka alle utstillarane som ville vera med, og vona det ville bli ei fin messe for alle interesserte.
Den første økta er for skuleelevar, hovudsakleg frå ungdomsskulen. Dei første som var inne var 10.klassingane og for denne gruppa er messa særs interessant med tanke på at dei skal søkja seg til vidaregåande skule til neste haust.
Klokka 1700 i ettermiddag opnar messa for alle som har lyst å kikka innom.