Strålande vårsesong!

Publisert av: Martha Nygård Lande
15/6/2019 10:30

Njardar Tysnes sine G14 gutar har hatt ein god vår der sesongen no nærmar seg slutt.

Laget starta oppkjøyringa med  tre tap i ei vinterturnering i Bergen. Trente godt fram mot Stordcup der alle puljevinnarane frå sist sesong var representert med lag i to nivå. Denne cupen vann laget med overbevisende spel og innsats. Sjølvtilliten drog dei med seg i seriestart mot Bømlo med ein trygg 11-0 siger. Etter dette kom dei to stordlaga Trott og Stord til Tysnes der begge måtte reisa heim att med tap(9-4 og 6-1)

Så fekk laget eit opphold då nokon kampar vart utsatt før bortemøte med Solid gav ein 9-1 siger. Ein av pulja sine beste og mest ivrige lag er Bremnes, men gutane viste kva som bur i dei, skapte mange flotte scorings-sjanser i kampen men vant knepent 2-1.

Nye sigrar mot Halsnøy 3-0, Trio 7-3 og Odda2. 2-10 gav laget ei rekke på 8 kampar utan tap. Sist torsdag var eit «frykta» Rosendal/Uskedalen lag på besøk. Heller ikkje dei tukta tysnes ungdommane og måtte ta turen over Onarheimsfjorden med 8-1 tap.

No gjenstår ein kamp, borte mot Odda1 og det vert spanande å sjå om gutane kan samle seg til innsats å vinna alle årets seriekampar.

Mange flotte ungdommar me har på dette laget, vonar målsetjinga frå dei starta med fotball i 1.klasse held stikk. Nemleg minst 5 av dei skal verta A-lagspelar på Njardar/Tysnes. Grunnlaget er lagt, presisjonen og viljen er på plass. Laget har trent godt og har stabilt frammøte i heile sesongen, det gjev resultat.

Som trenar må eg trekke fram engasjementet til foreldregruppa til desse gutane. Foreldre er den viktigaste støttespelaren i barna sin oppvekst og deltaking på aktivitetar og dette har utan tvil bidratt til at dette laget oppnår gode resultat.

Takk for ein flott vårsesong, gutar og foreldre!

Trenar Ronny

Bilete frå kampen mot Rosendal/Uskedal: privat