Kabaret med Anders Bakke

Publisert av: Martha Nygård Lande
10/3/2020 10:00

Anders Bakke snakkar med seg sjølv

Laurdag 7. mars var det duka for Kabaret med Anders Bakke. Staden var Laukhamar Fritid og det møtte opp eit særs lydhøyrt publikum som tok godt imot det som vart framført.

Førestillinga bestod av eigne tekstar, melodier og dikt i fint samspel, og inneheldt mykje humor, men også ettertanke.

Med seg som tonefylje hadde han Hodneland og co.
Publikum gav uttrykk for at dei koste seg og rosa Kabareten. Ein kveld alle involverte kan sei seg fornøgde med.

 

Tekst og bilder: Sissel Clausen