Frå venstre: Atle Andersland, Jostein Mehl, Janis Goncenko

Tysnesmeisterskapet i bowling

Publisert av: Martha Nygård Lande
25/4/2024 14:04

Jostein Mehl-Tysnesmeister i bowling.

Kvinnheringen Jostein Mehl vann Tysnesmeisterskapen i bowling, og dermed forsvarte han sigeren frå 2023.

16 deltakarar stilte i bowlinghallen for å kjempa om tittelen Tysnesmeister. Me måtte dela spelarane i to med start kl. 1800 og 1930. Alle spelte tre rundar både måndag og onsdag. Samla pinnefall over seks rundar vart resultatet for den einskilde. Sjølv om nokre ikkje hadde håp om å nå heilt til topps, var innsatsen og humøret på topp.

Etter dei tre rundane måndag, hadde Atle høgast pinnefall med Jostein og Janis som to og tre.

Onsdag slo Jostein til med heile 226 i første serie, og dette klarte ikkje Atle og Janis å svara på. Likevel vart dei tre beste måndag også dei tre beste onsdag, men med litt endra rekkefølge.

Konkurranseforma var endra i forhold til tidlegare år, og deltakarane var samstemte i at det var til det betre.

Bowlinghallen er open i heile sommar og du kan bestilla og bowla når det passar deg.

Resultatet for dei seks med høgast pinnefall:

  1. Jostein Mehl 1094
  2. Atle Andersland 1048
  3. Janis Goncenko 1034
  4. Ivo Haranovics 1005
  5. Bjørn Inge Leite 951
  6. Arild Frøyseth    942