Arkivfoto frå 2013. God deltaking på det aller fyrste Blåbærhaugen Opp. Foto: Freddy Jensen

Blåbærhaugen Opp jubilerer

Publisert av: May Britt Meland
28/7/2022 20:35

Kommande helg er det 10. gongen Onarheim Idrettslag arrangerer det populære motbakkeløpet “Blåbærhaugen Opp”. Magne Storesætre i Onarheim Idrettslag fortel til Tysnesingen.no at løpet alltid vert arrangert søndagen i Olsokhelga som startar med laksafesten på Alsaker brygge om fredagskvelden.

I høve jubileet vil alle som deltek få T-skjorter med flott motiv på, desse vert delt ut ved påmelding i forkant.

-Blåbærhaugen Opp har ein sosial profil der mosjonsklassen startar kl 12.00 frå Alsaker Brygge og konkuranseklassane kl 13.00. Ein oppnår då ei fin og komprimert ramme rundt arrangementet på toppen når dei som deltek i konkuranseklassane kjem i mål, seier Storesætre.

Løpet startar på Alsaker Brygge og mål på Blåbærhaugen 297 m.o h. og løypelengda er ca 3,6 km.  Det vert premiering på toppen. Onarheim Idrettslag serverer bålpannekaffi og saft, og det vert også høve til å kjøpa noko å eta på toppen.

 

Start/oppmøte: Alsaker Brygge.
Start Mosjonsklasse Kl.12.00, påmelding frå 10.30.
Start konkuranseklasse Kl.13.00.

Gåvekort til dei 3 beste i konkuranseklassane, damer/menn 16-49 år, gutar/jenter under 16 år og damer menn over 50 år.

Premie idealtid mosjonsklasse.

Gåvekort trekt blant alle deltakarar.