Tysnesingen.no i ny drakt

Publisert av: Vegard Aslaksen
5/3/2018 23:31

“Makeoveren” av tysnesingen.no har begynt.

or 5 år sidan overtok Tysnes Industri AS eigarskap og drift av Tysnesingen.no. Dette har vore kjekke og lærerike år for oss, og nettstaden har blitt drifta i same ånd som den vart starta med.


NY NETTSIDE – NY PROFIL

Det er no tid for draktskifte med ny nettstad og logo. Arbeidet med ny nettside starta i haust og no nærmar det seg lansering av nye tysnesingen.no. Svært mange lesarar nyttar mobil eller nettbrett når dei leser Tysnesingen. Den nye sida vår blir difor mykje betre tilpassa mobilplattforma både for lesarar og annonsørar.

 

I den nye logoen vår har me fått med «vekstmannen» som Tysnes Industri (Tias) nyttar i sin logo. Vekstmannen symboliserer vekst og det å strekka seg etter noko.

Me ynskjer å følgje med i tida, strekka oss etter fleire lesarar og bidra til vekst og engasjement i Tysnes samfunnet. Tysnesingen.no skal difor også bli meir aktive på sosiale media for å nå ut til flest mogleg.

 

 «INGA SAK FOR LITA – INGA SAK FOR STOR»

Sida tek pulsen på Tysnes-samfunnet og er ein nyttig informasjonskanal. Tysnesingen skal fortsette å vera ei positiv side med lav terskel for å publisere innsendte og aktuelle saker.

Tysnesingen.no er ei side av og for folk som er interessert i Tysnes og kva som skjer her. Me håpar difor at du som lesar framleis sender oss aktuelle saker og tips til sida vår.

Me skal fortsette å gjere vårt ytterste for at tysnesingen.no skal vere ei aktuell, god og levande nettside!

Den nye sida blir lansert etter vinterferien

Følg med på tysnesingen.no og følg oss på facebook!