Tysnesingen i Finansavisen
2/1/2011 15:40
For å slå i hel tid på sjukehuset i romjula kjøpte eg ein bunke aviser, deriblant Finansavisen, som er økonomiguru og kjendis Trygve Hegnar si avis.
På baksida av Finansavisen pleier dei å harselera litt med andre, og i utgåva 30.desember har dei fått med seg mi sak om Essoen i Våge sine opningstider i jula. Tysnesingen blir sett på som Norges dårlegaste på mediedekning!
Finansavisen har fått det med seg via facebooksida til Journalisten (bla litt nedover) som likar dårleg Tysnesingen sin måte å informera kva som skjer her hos oss på.
Feilen både Finansavisen og Journalisten gjer er at dei skriv at Tysnesingen er ei nettavis. Dette er ikkje noko avis. For det første så er Tysnesingen ei ultralokal opplysningsside for dei som er interessert i Tysnes, og for det andre så er ikkje eg (eller dei som sender inn saker dei vil ha med) utdanna journalist. Så sånn sett så har Oslo-folka gjort slett journalistarbeid sjølv med ikkje å undersøka fakta før dei skriv sakene sine.
Men at tysnesingen.no skulle havna som sak i ei Oslo-avis er jo berre gøy! Dei ler av oss og me ler av dei!