Likar du å sy? Kom å sjå overlockmaskiner i aksjon!

Publisert av: Martha Nygård Lande
16/2/2019 12:00

Lurer du på kva ein overlock symaskin kan få til?

Då er du velkommen i Husflidstova måndag 18.2 kl. 19.00. Der vil Nål og Tråd frå Stord demonstrera ulike maskiner og visa eksempel på korleis du kan utnytta ein slik maskin.

Me ser ein aukande interesse for å sy klær i jerseystoff, og då er ein overlock-maskin heilt super.

Har du lyst til å sjå nærare på dette håpar me å sjå deg i Husflidstova, Teiglandsvegen 4.

Alle er velkomne!