Publisert av:
16/1/2013 17:48
Tysnesingane 3. friskast i Sunnhordland
Det er ein auke i det legemelde sjukefråværet frå 2. til 3. kvartal i 2012.
I Fitjar var dei friskast med eit fråvær på 4,1 prosent, medan Tysnes hamna på ein 3. plass med eit fråvær på 5,3 prosent, dette skriv avisa Sunnhordland.
Nedgong frå i fjor.
Ved samanlikning av 3. kvartal 2011 og 2012, syner statistikk frå NAV at det på landsbasis er ein nedgong i legemeldt sjukefråvær på 3,6 prosent. Menn hadde den største nedgangen i det legemeldte sjukefråværet.
Når det gjeld fordeling blant yrkesgruppene, har ein registrert nedgong i alle næringar med unnatak av jordbruk, skogbruk og fiske. Denne gruppe hadde ei lita auke på 0,9 prosent.
Legemeldt fråvær har gått ned med heile 18,5 prosent frå 3. kvartal 2001, året då IA-avtalen blei inngått.