Tysnesfest ynskjer og å vera ein “Grøn festival”

Publisert av: Martha Nygård Lande
1/3/2020 08:57
Eit nytt miljømerke skal hjelpa fleire festivalar til å ta gode val for klimaet og naturen.

Framtida.no skriv om det nye miljømerke på si nettside. Kompetansesenteret for musikklivet i Vestland, Brak,  har utarbeidd miljømerket «Grøn Festival» som guidar festivalane til å ta gode val for klimaet og miljøet.

Tysnesfest er ein av dei største festivalane på Vestlandet, og har i fleire år jobba for ulike miljøtiltak. Mellom anna har dei ein eigen båt som plukkar søppel i sjøen og langs strender, og dei prøver å sortera boset mest mogleg.

Irene Dalland i Tysnesfest seier ho synest Grøn Festival høyrest utruleg interessant ut, og at mange av punkta i sjekklista allereie er i boks, så det er ikkje utenkeleg at me skal kunne dra det i land allereie i år. Det får vera eit mål for oss.

Festivalen fekk fleire tilbakemeldingar i fjor frå publikum etterlyste fleire miljøtiltak, blant anna når det gjeld resirkulering.

Dersom me skal bruke fat og glas som skal i bioboset, så må anlegget opp i ein sånn temperatur at me kan handtera det, men det har me ikkje her, seier Irene Dalland. Ho legg til at: me har veldig lyst, men det er veldig utfordrande.

Øyafestivalen sorterer boset sitt i over 16 ulike sorteringar. Foto: Brak

 

Grøn Festival er blitt ei gratis sertifiseringsordning for festivalar, og Brak har utarbeidd ei sjekkliste som inneheld fem delar:

  • Energi: Arrangementa skal driftast på energi frå fastnett.
  • Transport: Det skal leggjast opp til at publikum kan reisa kollektivt, sykla eller gå. Interntransport skal så langt som råd gjenomførast med køyretøy som har nullutslepp eller lågt utslepp, og det skal aktivt jobbast for å minska utslepp frå reisa til artistane.
  • Innkjøp: Arrangementa skal velja miljøsertifiserte leverandørar og minimera ting som blir gitt vekk gratis.
  • Mat og servering: tilby vegetaralternativ alle serveringsstader, oppmoda leverandørar til å levera klimavenlege og økologiske menyar, plastfri matservering, fleirgongsglas.
  • Avfall: Kjeldesortering i minst tre ulike sorteringar.