Sommartrim Tysnes er ferdig for denne gong

Publisert av: Martha Nygård Lande
4/9/2019 17:06

Som Tysnesingen har skreve tidlegare, har det vore mange deltakarar med på sommertrimmen, heile 196 stykker. Til saman har dei gått 6944 turar fordelt på 35 turmål.

Den som til slutt fekk flest poeng, var Magne Storesætre, med 16030 poeng. Han hadde 269 innsjekk fordelt på 33 turmål.

På dei neste plassane fulgde:

  • Sigfrid Haavik Tveit, 15500 poeng, 257 innsjekk fordelt på 11 turmål
  • Helen Skaten Hystad, 13620 poeng, 276 innsjekk fordelt på 11 turmål.

Her kan du sjå resten av lista.

Dei som er med på sommartrimmen, er også med i trekninga av ulike premiar.
I mai vann Lars Kristoffer M Alsaker gåvekort på Mandelhuset. I juni vann Marianne Tvedt gåvekort på Haaheim Gaard, og i juli vann Linda Tye gåvekort på Laukhamar Fritid.

Det har også vore trekt gåvekort på Tysnes Treningssenter for deltakarar som har vore innom alle turmåla i løpet av sesongen. Seks stykker var med i denne trekninga, og vinnaren vart Svein Økland. Dei fem andre var Magnhild Kleppe, Robert Grønvoll, Magne Storesætre, Arnhild Sletteskog Lunde og Torunn Espevik

Svingen Puls har trekt eit gåvekort blant dei 10 med høgast poengsum, det vann Trine Lise Aasen.