Tysnesfest presenterer
11/5/2016 18:00
Her kjem eit makalaust høve til å få med seg ein salig blanding av jordbær, champagne og Aune Sand i fri utfalding. Med sin hustru Marianne Aulie poserande naken på coveret av den erotiske romanen «Jordbærmus» har Aune Sand innvia ein ny amorøs tilnærming til romansjangeren. Her vert det servert champagne og jordbær til høgtlesing frå «Jordbærmus».
Aune er for mange kjend som ein kvinnebedårar av ypperste klasse, og denne kvelden vil me og få historiar frå hans liv som kvinnesjarmør.

Når UKA i Trondheim inviterte til høgtlesing med Aune i fjor haust, selde dei ut alle 800 billettane på berre 4 dagar.
Her er noko av kritikken han fekk for denne seansen:
«Det er få norske forfattere som kan fylle Storsalen under UKA. Desto færre kan få 800 studenter til å sitte stille under en høytlesning i det ene øyeblikket, og få dem til å rope «jordbærmus» i lattermild unison i det neste. Med en upåklagelig fremførelse med stålkontroll på publikum supplementert med egne erotiske digresjoner, tok det ikke lang tid fra den ironiske distansen i publikum ble erstattet med utilslørt underholdning.»
Aune kjem til Saga på Årbakka tirsdag 5. juli klokka 19.00