Tysnesfest 2011 – På storskjerm!

Publisert av:
27/4/2011 18:22

Tysnesfest 2010 presenterte fleire av arrangementa gjennom direktesende tv-bilder på storskjerm. Den karismatiske figuren “Klypa” var ein av dei, kassabilløpet ein annan, i tillegg til at skjermen vart bruka på konsertområdet.

Bruken av storskjerm vil i år bli minst like omfattande, og får å gje folk ei størst mogeleg oppleving ynskjer Tysnesfest å komma i kontakt med personar som har litt erfaring med bruk av videoutstyr, og har lyst å vera med i teamet bak skjermen.

Dersom nokon har utstyr sjølv, enten kamera eller andre ting, er dette kjempefint. Men me er og interessert i å komma i kontakt med kyndige folk uten utstyr, og viss nokon har utstyr, men ikkje høve til å vera med, set me pris på alle som vil vera hjeplsame med utlån.

NB: Me kan kun bruka kamera med Harddisk, eller flashminne.

Er du ein av dei som vil vera med å gjera festivalen unik ved å ta del i mediegruppa?
Ta kontakt med anders@tysnesfest.no