Ein audmjuk vinnar av årets Frivilligpris: Freddy Jensen.

Representerer haldningane vi treng i vårt samfunn

Publisert av: May Britt Meland
9/12/2018 17:17

Freddy Jensen vart høgtideleg tildelt “Frivilligprisen 2018”. Utdeliga skjedde under Frivilligfesten på Laukhamar Fritid laurdag 8. desember.

 

I styret si gunngjeving heiter det:
“Freddy Jensen har i mange år lagt ned eit stort arbeid for Eldrerådet, Torsdagsturen og Tysnes Reiselag, der mange eldre er med på turar som dei ikkje klarar åleine lenger.
Turane er grundig planlagt og Freddy hjelper alle. I tillegg køyrer han ut mat til heimebuande eldre og syter for bilete og stoff til Tysnesingen.no

Han er årets mest verdige kandidat.

Freddy Jensen representerer haldningane vi treng i vårt samfunn.”

 

Under takketala nytta Jensen også høvet til å takka kona for støtta ho har gitt han.

 

Jurgita Bubilaite og Lise Sjåk Dalen framførte Ved Rondane av Vinje/Grieg og Juleønske av Jens Tvedt.

Flott minikonsert av Jurgita Bibilaite og Lise Sjåk Dalen.

 

Feststemte gjestar koste seg rundt bordet!

Foto: Per Verner Aase, Tysnes Frivilligsentral