Tysnes Treningssenter startar opp med Zumba

Publisert av:
24/3/2015 20:28

Torsdag 26. mars kl 19.00 – 20.00 kan ein vere med på Zumba i Grendatun.

Zumba er ei blanding av aerobic og dans. Det er enkle dansetrinn frå mange danseartar som salsa, samba, cumbia, hip hop, merengue, funk m.m.

Treninga passar for alle, og det er ingen krav til form.
Det viktigaste er å sleppa seg laus og bevege seg til musikken.

Pris: 50 kr pr gong for drop-in (kontant).

(Klyppekort: 10 klypp for 45 kr pr gang)

Denne timen er GRATIS for alle våre medlemmer!

Les meir om Tysnes Treningssenter på Facebook «Tysnes Treningssenter»
eller på www.tysnestreningssenter.no