Liafjellet!

90 registrerte turar på Liafjellet

Publisert av: May Britt Meland
5/4/2021 17:18

Utlodding av 3 kjempestore påskeegg og det fine været skjærtorsdag og langfredag, lokka Hålandsnesingar og hyttefolk opp på Liafjellet.

Ei herlig blanding av store og små la turen oppom toppen, nokon fleire gonger. Varden kan nåast frå mange sider, men Hillesvik er den mest populære. Fin og jevn stigning gjennom krattskog og furuskog fører opp til varden som ligg på 239 meter.

Dei lukkelege vinnarane av påskeegga var: Leif Paul Lie, Bertine Landeråen Hess og May Britt.