Tysnes Sparebank Foto: Tysnesingen.no

Tysnes Sparebank med solid halvårsresultat 2022

Publisert av: May Britt Meland
15/8/2022 21:24

Solid resultatforbedring – 6,4 mill.kr. i resultatframgang

Den lokale sparebanken i Sunnhordland hadde eit svært godt første halvår 2022. Driftsresultatet før skatt er på heile 21,7 mill.kr., ei solid forbedring samanlikna med same tid i 2021.

Hovudgrunnen til forbedringa er auke i renteinntekter og lågare kostnader samanlikna med året før.

«Dette er eit svært godt resultat for banken så langt i år. Det er vårt lokale bankkonsept som gjev grunnlaget for framgangen. Gode medarbeidarar på dei lokale kontora er noko kundane i dagens usikre verdssituasjon set meir pris på enn nokon gong» seier banksjef Dag Sandstå.

 

Kostnadsreduksjon på 2 mill. kroner i 2022

Så langt i år har banken 2 mill.kr. lågare kostnader samanlikna med same tid i 2021. Fokus på kostnader er stort i banken, og noko av reduksjonen kan forklarast med at det i 2021 vart avsett ekstra kostnader for å ta høgde for skifte av dataleverandør i 2022 og 2023.

 

Vekst i utlån til personmarknaden på 5 %

12 månaders veksten i utlån til personmarknaden er på 5 %. For bedriftskundane har banken så langt i 2022 vore forsiktig med å ta inn nye kundar.

«Vi har hatt ein strategi så langt i 2022 på å vera forsiktige med utlånsveksten. Det er usikre tider for både privatpersonar og bedrifter noko som også påverkar bankens utlånspolitikk» uttaler banksjefen.

 

Framtidsutsikter

Uroen og krigen som pågår mellom Russland og Ukraina påverkar også vår lokale økonomi. Det er stor auke i prisar på mat, drivstoff, straum, rentekostnader og andre varer. Dette medfører større usikkerheit enn på lang tid med tanke på den økonomiske utviklinga.

Tysnes Sparebank sitt langsiktige mål er å oppretthalde lønsam vekst i åra som kjem. Det er framleis eit godt driftsgrunnlag for dei små bankane i Noreg. I 2023 skal Tysnes Sparebank feire 160 års jubileum som den einaste gjenverande lokalbanken i Sunnhordland.

Pressemelding Tysnes Sparebank