«Mini 17.mai» i Lunde barnehage

Publisert av: Vegard Aslaksen
15/5/2019 14:18

Lunde Barnehage øvde seg til nasjonaldagen og feira «Mini 17. mai» i går.

Uteområdet til barnehagen var pynta til fest. Barna har teikna flagg og måla på kongler. Dei har funne bjørk og vore med å pynta med flagg. Litt tidligare har me planta blomar og pynta rundt om.

Barna gjekk i tog rundt butikken og song til forbipasserande før det var 5 ulike aktivitetar i barnehagen. Barna var delt i grupper og rotertete mellom aktivitetane.  Aktiviteter dei var innom var potetløp, 30-meter, ballkast på boks, svampekast og fiskedam. Til lunsj «selde» førskulebarna pølser i brød. No er barna klar for ekte 17.mai feiring på fredag.-) 

Tekst og bilete: Wenche Fagerbakk