Aleksander Fauske på møbelverkstaden sin Lynghaugane Møbelverkstad.

Møbelsnikkar på fulltid

Publisert av: May Britt Meland
25/8/2022 19:48

Aleksander Fauske som står bak Lynghaugene Møbelverkstad har no starta som fulltids møbelsnikkar. -Utviklinga frå at eg lagde litt møblar til meg sjøl og venner og bekjente, til at det blei fulltidsjobb gjekk utrulig fort, seier Aleksander til Tysnesingen.no. -I mai tok eg steget frå hobbysnikkar til fulltidssnikkar då eg sa opp jobben min. Planen var i utgongspunktet å få ein jobb offshore med rotasjon, slik at eg kunne hobbysnikra når eg var heime. I påvente av offshoreturnus tok eg grep og gjorde ein del investeringar, og no lager eg møblar på heiltid. -Det har gått over stokk og stein, og det haglar inn med forespørslar, seier Aleksander.

Investerte i meir utstyr
Av nyinvesteringar har han laga seg ei “virketørke” der han kan tørka material på 6-7 veker, i motsetning til 2-3-4 år! Grunna stadig aukande materialpriser, får han no tak i material og tørkar det sjølv.


– Eg har også blant anna kjøpt ei større bandsag for effektivisera stolproduksjonen, og ein ny eksenterslipemaskin for bedre ergonomi, vibrasjon og støvreduksjon.
På material-lageret er det også kome ein del “eksotisk” tremateriale. Dette for å få spesielle detaljar i blant anna skjærefjøler.
Logo er designa, og svijerns-stempel på plass, så no vert namnet synleg på alle produkt.

Stadig på materialjakt
Aleksander fortel at materialet må han enten saga sjøl, kjøpa heile stokkar mot betaling i møblar, eller på andre måtar få tak i heile stokkar som han skjærer på eit sagbruk han har tilgong til. -Dette er utan tvil den største utfordringa med møbelproduksjon då alle ønsker seg material av høg kvalitet, fortel Aleksander. Derfor er eg alltid på utkikk etter material, stokkar eller tre som skal takast ned, slik at eg kan gje konkuransedyktige prisar og samtidig levere møblar av høg kvalitet.

Det er framleis hovudsakleg møblar på bestilling som vert laga, men eit par standard produkt er kome til. Han syner fram nokre flotte lounge stolar av heiltre og lær. -Desse har vorte svært populære!

Planlegg nettbutikk
Den driftige møbelsnikkaren har også produsert ein del forskjellige fjøler. Desse er snart å finna i nettbutikken, som skal lanserast no i haust. Her vil ein kunne kjøpa mindre produkt som til dømes fjøler, hyller, knivlister, knivskaft med meir.

Travel haust i vente
Møbelverkstaden har mange bestillingar og forespørslar i ordreboka. Kundar som vil ha kjøkkenbord, utemøblar, stolar, tv-benkar, entremøblar og til-og-med ei heil kjøkeninnreiing! Den unge møbelsnikkaren kan sjå fram til ein travel haust!

Kulturskule-gruppe
Snikkar-undervisninga gjennom kulturskulen var ein suksess, og det vert starta opp igjen no i haust. Planen er å ha ha 3 grupper med inntil 3 elever per gruppe, fortel Aleksander. -Det var ei fin oppleving både for meg og elevane no i vår, og det er ivrige ungdommar som vil fortsettja i haust. -Eg trur det framleis er eit par ledige plassar, så her kan ein framleis melda seg på!

Open dør
Møbelsnikkaren fortel at hos Lynghaugane Møbelverkstad er døra alltid open for vitjing og ein kopp kaffi. -Om ein vil sjå kva som foregår i snikkerboda, eller vil diskutera eit nytt møbel, kan ein alltids komma innom for å sjå, og eventuelt velga seg ut material til sitt eige prosjekt. -Og dersom nokon har lyst å prøva seg sjølv på litt snikring og vil vera med å byggja sitt eige prosjekt, er det berre å ta kontakt!