Oppfordrar tysnesingar til å stilla på folkemøte

Publisert av: Vegard Aslaksen
29/9/2018 12:58

Leiar av Tysnes Pendalforum, Bjarte Erstad, oppfordrar tysnesingar til å stilla på Folkemøte om konsekvensar for Tysnessamfunnet med ny ferjedrift på torsdag. Fleire av toppane i fylkeskommunen vil vera til stades så dette er ein unik mogligheit til å få ytra si meining. Møtet vil vera i Tysneshallen så det skal vera plass til mange.


Vaksent av fylkeskommunen

Med bakgrunn i Skyss sitt forslag om kutt i ferjeavgangar og auka reisekostnadar for å spara pengar, tok Bjarte kontakt med fylkeskommunen for å få i stand eit møte. Han fekk positiv respons og fylkesordføraren svarte same dag han sendte mail. “Eg tykkjer det er vaksent gjort av fylkeskommunen å ta oss på alvor og stilla på møtet”, sier Bjarte til Tysnesingen. “I prinsippet kjem dei jo til løvens hule, men eg trur det er viktig at dei kjem for både å leggja fram fakta og for å lytta til kva folk flest meiner om saka.”


Dobling av reisekostnader

Bjarte, som har pendla til og frå Bergen i ei årrekkje, er svært kritisk til forslaget om både auka reisekostnader og kutt i ferjeavgangar. “Me har allereie gjeve frå oss sistaferjo som før i tida gjekk kl 2355 frå Halhjem. Når ein arbeidsdag med reisetid fort kjem opp i 10 – 12 timar, er det heilt avgjerande at ein har eit ferjetilbod som gjer det mogleg å pendla. Ein dagpendlar brukar i snitt eit verdikort på fergjeutgifter i månaden. I framtida risikerar ein å få ei dobling av kostnadane når ein reknar inn bompengeauken. Då blir det ikkje mykje att til å leva for dersom ein skal bu på Tysnes. Denne meirkostnaden vil garantert folk som ikkje pendlar til daglig også merka”, seier han.


Risikerar ein fråflytting?

Då Tysnesingen intervjua Bjarte såg me på resultata av “di meining” som omhandlar denne saka. Dei fleste meiner at ein burde hatt oftare ferjeavgang med same pris som i dag, medan 45 personar hadde svart, “pendling blir umogleg, må eg flytte?” 45 personar som vil vurdera å flytte er jo trass alt ein del pendlarar? “Når ein reknar med at alle desse har ein familie kan ein jo ganga opp talet med 3 eller 4. Og 135-180 færre innbyggjarar som følge av ny fergedrift er jo eit kraftig tilbakesteg i folkevekst på Tysnes.  Er det dette me vil?” seier Bjarte.

Skjermdump av “Di meining” frå Tysnesingen.no

 

Synes du denne saka er viktig? Hugs folkemøtet på Torsdag!