Publisert av: Vegard Aslaksen
29/6/2018 22:42
Tysnes Sparebank fotballcup vart sparka i gang i ettermiddag
I perfekt fotball vêr starta den årlege fotballcupen på Reiso i ettermiddag. “Dette er akkurat som bestilt”, seier leiar for cupen Thomas Hagen. I alt 13 kampar vart spelt på grasbanen denne fredagen og mange hadde teke turen for å heia på favorittane sine. Ein god del av dei tilreisande laga har sine fyrste kampar i morgon så ein får ikkje det totale bildet av rangeringane før Laurdag ettermiddag. Dagens resultat kan du lesa meir om her.