"Go nok" mot "Beerfest" i klasse 1 for menn. Resultatet vart 0-1

Tysnes Sparebank fotballcup vart sparka i gang i ettermiddag

Publisert av: Vegard Aslaksen
29/6/2018 22:42

I perfekt fotball vêr starta den årlege fotballcupen på Reiso i ettermiddag. “Dette er akkurat som bestilt”, seier leiar for cupen Thomas Hagen. I alt 13 kampar vart spelt på grasbanen denne fredagen og mange hadde teke turen for å heia på favorittane sine. Ein god del av dei tilreisande laga har sine fyrste kampar i morgon så ein får ikkje det totale bildet av rangeringane før Laurdag ettermiddag. Dagens resultat kan du lesa meir om her.

“Frittgående Mus” mot “I siste liten” i klasse 5 for damer. Resultatet vart 3-0

 

“Rosenknopp” spelte uavgjort mot “Gymmen” som vann i sin klasse i fjor. Resultatet vart 1 -1

 

“Rosenknopp” blei flytta opp ein klasse frå Klasse 3 (Stivbeinte menn) til klasse 2 (Sårbeinte menn). Dei vaksne karane klarte likevel å halda tritt med “Gymmen” ein av favorittane.