Tysnes Rundt

Publisert av:
9/7/2012 09:50

Dei 16 båtane som la i veg frå Årbakka Handelstad fredag kveld og ankom same stad søndag ettermiddag hadde ein flott rotur.

Tilbakemeldingar frå Tysnes Rundt seier at det var nydelege forhold for roarane. Fint vér og lite vind, og Nuen hadde sjeldan vore så fin ro som i år.