Grasbrann i Lunde under kontroll

Publisert av: Martha Nygård Lande
14/4/2019 16:59

Litt over klokka tre i ettermiddag, meldte Vest Politidistrikt på Twitter at det var grasbrann i Lunde. Grassbrannen var i bratt terreng, og i eit område nær sjø. Det kunne vera fare for spredning mot skogsområde. Det var meldt om åpne flammar i terreng, og at det var brent litt i skog. Det var ikkje meldt om skader på verken personar eller bygningar.

Ca klokka 16.00 meldte dei at det ikkje lenger var opne flammar, og at ein holdt på med etterslukking.

Litt over klokka 16.00 melder dei at det er kontroll over grasbrannen.