Korpskveld i Vonheim

Publisert av: Martha Nygård Lande
21/3/2019 07:20

Tysnes musikklag arrangerte onsdag kveld korpskveld i Vonheim. I tillegg til Tysnes musikklag, var også Onarheim musikklag og Tysnes skulekorps med.

Til helga skal Onarheim musikklag og skulekorpset til Grieghallen og delta på Hordablæsten, ein konkurranse for blant anna skulekorps og generasjonskorps.

Tysnes musikklag spelte fyrst denne kvelden, deretter gjekk skulekorpset gjennom programmet som dei skal spela på søndag.

I pausen var det lynutlodning og det vart servert ein lett kvelds.

Etter pausen spelte Onarheim musikklag gjennom sitt program som dei skal ha på lørdag.

Tysnesingen ynskjer korpsa lykke til på Hordablæsten!

Meir om Hordablæsten kan du lesa her