Illustrasjonsbilete

Testa 7-8 personar kvar dag

Publisert av: May Britt Meland
26/2/2021 19:57

Ingen ny tilfelle med Covid-19 på Tysnes i veke 8.

I veke 7 fekk to personar på Tysnes påvist Covid-19. Det er ingen nye smittetilfelle i Tysnes kommune etter dette.

Tysnes legekontor har testa om lag 7-8 personar per dag i veke 8.

Koronavaksine

Tysnes kommune forventar 20 hetteglas med vaksine i veke 9. 10 av desse er av Astra Zeneca og vil bli prioritert til helsepersonell. Tysnes kommune har vald også å prioritere brann og redningspersonell, etter kvart som anna kritisk helsepersonell er vaksinert. Brann og redningspersonell kan ikkje unngå nærkontakt til dømes ved «first responder» oppdrag og vert derfor prioritert på linje med anna helsepersonell.

Begge vaksinetypane kan gje forbigåande biverknader, som igjen kan gje fråvær frå jobb. Med Astra Zeneca er det mest vanlig med biverknader etter fyrste dose, med dei andre to vaksinetypane er det meir vanlig med biverknader etter andre dose. Dette vil bli tatt omsyn til ved vaksinering av helsepersonell i kommunen.

Det er ikkje høve til å velje mellom vaksinetypane. Om ein vel å takke nei til Astra Zeneca, vil ein ikkje få tilbod om anna vaksine.

Alle som får tilbod om vaksinering vil bli kontakta på telefon av legekontoret. Du finn meir informasjon om koronavaksinering i kommunen her: Koronavaksine i Tysnes kommune

Informasjon om koronavaksine frå Folkehelseinstituttet finn du her: FHI om koronavaksineprogrammet

Vurdering av risikonivå i kommunen

Kommunane utarbeidar kvar veke ei risikovurdering ut frå det lokale smitte- og vaksinasjonsbiletet. Den lokale smitterisikovurderinga vert oppdatert her: lokal smitterisikovurdering i i Tysnes kommune.

Risikonivå i Tysnes kommune i veke 8 er vurdert til å være på nivå 1.

Tiltak i Tysnes kommune

Vinterferie

Tysnes kommune føl regjeringas nasjonale retningsliner for vinterferien. Det er viktig at me alle føl dei nasjonale retningslinene for smittevern, også i vinterferien.

  • Hald deg heime vis du er sjuk eller har symptom på luftvegsinfeksjon
  • Hald minst ein meter avstand til andre
  • Ha avgrensa med nærkontaktar
  • Hugs god handhygiene
  • Alle med symptom på luftvegsinfeksjon bør bli testa for Covid-19

Her kan du finne regjeringas anbefalingar for ein smittevernforsvarleg vinterferie.

Nasjonale reglar og retningslinene

Me viser til at nasjonale reglar og retningslinene i sin heilhet også gjeld for Tysnes kommune. Oppdatert informasjon kan du finne på www.helsenorge.no/koronavirus, eller ved å følgje lenkja under:

HelseNorge.jpg

Status for dei einskilde tenesteområda i kommunen vert oppdatert her: Samla informasjon om tiltaka i Tysnes kommune