Rundt bålet

Husflidstova i Våge
11. april kl. 16:00

Tysnes husflidslag inviterer born, frå 1. klasse og oppover, med på ei triveleg stund rundt bålet.

Tid: måndag 11.04.22 kl. 16.00 – ca. 19.00

Me møtest ved husflidstova, Teiglandsvegen 4, og går til Korsfjorden (ca 20 min. tur) Der fyrer me opp bålpanna, og så finn me emner i skogen som me skal spikka pølsepinner av. Dei brukar me til å grilla pinnebrød og pølser med. Me reknar med vera tilbake ved husflidstova ca kl. 19.00.

Foreldre/føresette er velkomne til å vera med. Meld i tilfelle frå om det ved påmelding.
Husflidslaget stiller med nødvendig verktøy, førstehjelpsutstyr, pølser og deig til pinnebrød. Du må sjølv ta med kopp, drikke, sitjeunderlag (og ein vedkubbe om du har).

Påmelding til: Helga Irene Aslaksen på tlf. 93024676, oppgje navn, alder samt kontakttelefonnummer og navn på føresette.

Tilbudet er gratis.