Tysnes Golfklubb arrangerer NM
1/6/2015 15:55
Turneringa inngår i Order of Merit.
Meisterskapen vert spelt i 1 klasse som slagspel netto (HCP) over 2 rundar, begge på 18 hol. Begge rundar vert spelt laurdag. Aldersgrense for å kunna delta er at ein må vera fylt 50 år innan utgongen av 2015. Dette gjeld for både damer og menn.
Dalen Golfbane har 6 greener og kvar green har 3 ulike innspel som alle skal spelast før ein går vidare til neste. (Sjå scorekort på heimesida).
Kl 10.00 Shotgun start runde 1
Kl 13.00-14.00 Lunsjpause
Kl 14.00 Shotgun start runde 2
Kl.14.20 Beste ball start hol 1
Det vert spelt etter Pitch og Putt reglane til FIPPA. Ved lik score etter 36 hol vinn den med lågast HCP. Dersom det framleis er likt, vert det omspel på siste hol til ein meister er kåra.
Tysnes Golfklubb opplyser det vert open kiosk der ein også kan kjøpa enkel lunsj.
Ynskjer du fleire detaljar, finn du dei på heimesida til Tysnes Golfklubb.