Desse ungdommane er allerede drevne fiskarar.

Kjekt på sjøen

Publisert av: May Britt Meland
23/10/2021 09:24

Elevane ved Blå skule har hatt ei fin haustveke med kjekke aktivitetar.

Tirsdag, 19. oktober, var det teine-trekking. Gleda var stor då det endeleg var etterlengta hummar i teinene. Det vart ein hummar utan rogn og ein med. Ja, og så nokre flotte krabbar.

Når ein samarbeidar, går teinetrekkinga som ein leik!

 

God fangst på sjøen!

 

Det er ikkje berre teiner i sjøen, dei flittige elevane har også garn ute. Fangsten på fem fiskar bestod av fire makrell og ei bergylt.

 

Torsdag, 21. oktober, fann elevane eit stort tau i sjøen som dei tok på land. I tillegg fekk dei ausa båten som var full av vatn etter alt regnværet som har vore.

Mange set nok pris på at dette tauet er kome på land!

 

Snekring er ikkje noko problem for desse driftige elevane. Det er sett opp eit halvtak som det skal golv under. Samarbeidet er fint og oppgavene godt fordelte, så det gjekk unna med snekring av golv!

Snekringa går unna.

 

Ingen tvil om at hønene får godt stell.