Tysnes-damer åleine på styretoppen

Publisert av:
29/12/2011 20:56

I ei undersøking avisa Sunnhordland har gjort viser ein oversikt at det blant styreleiarar i dei 100 største verksemdene i Sunnhordland, så er berre tre kvinner.

Dei tre kvinnelege styreleiarane er:

– Aud Kaldefoss er styreleiar i Tysnes Kraftlag SA.
– Kjersti Brekke er styreleiar i Spar Tysnes AS.
– Reidunn Aasheim Hatlevik er utflytta tysnesing, no busett på Stord er styreleiar i Sunnhordland interkommunale miljøverk (SIM).

Til Sunnhordland seier Aud Kaldefoss at berre tre av hundre høyrest forferdeleg dårleg ut. Ho meiner mangel på kvinner i styreromma handlar mykje om prioritering. Å vera styreleiar kan ta veldig mykje tid.

Men rekstringen meiner mannfolka i større grad må tora å spørja kvinner når nye leiarverv skal delast ut.