Iherdig poengjakt

Publisert av: May Britt Meland
30/6/2021 21:58

“Sykle til jobben” kampanjen er no ferdig fortel kulturkonsulent i Tysnes kommune, Rebekka Høgestøl. Det var 75 stk frå Tysnes kommune som var med på denne gøyale aktivitetskampanjen, der all aktivitet vart registrert. Det var mogeleg å “tjene” opp til 3 poeng dagleg. -Og for mange deltakarar vart det gjort iherdig innsats får å få flest poeng!

Rebekka Høgestøl, fortel at bedrifter rundt på Tysnes var ikkje vanskelige å be då ho spurde om sponsing av premiar til vekesvinnarane. Ho fekk inn mange flotte premiar, og vil rette ei stor takk til alle som bidrog!

I tillegg til vekesvinnarar, vart det trekt ut 5 stk med best poengsum:
1. Silke Noll – Festivalpass Tysnesfest 2022
2. Cecilie Mette Lund – Klippekort på Svingen Puls
3. Silje Lunde – Gåvekort på Haaheim gård
4. Kristine Trane – Drikkeflaske frå Svingen Puls
5. Oddvar Thuen – Drikkeflaske frå Svingen Puls

Kulturkonsulenten er veldig imponert over strålande innsats av deltakarane!