Historisk vandring med torsdagsturen

Publisert av: May Britt Meland
25/3/2023 07:07

Denne vekas torsdagstur gjekk til Todneset.

Neset ligg på Tysnes-halvøya ved innseglinga til Våge, i Tysnes kommune. Her finst det ein lokalitet som ein tidlegare meinte var eit horg, men som ein i dag tolkar som eit gravminne. Staden er også senter for eit solvervfenomen som manifesterar seg ved vintersolverv 22. desember. På staden står det også ein bautastein som er datert til jernalder. Sjølve området ser ut til å ha vore eit religiøst senter langt tilbake i tid, og har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Her stod Tysnes kyrkje, som i 1906 vart flytta over sundet til Gjerstad i Tysnes.

Foto: Jørgen Haaland