Tysnes Bygdekvinnelag

Publisert av: Dagfinn Sandvik
27/3/2019 11:34

Måndag 26. mars hadde Tysnes Bygdekvinnelag lagsmøte på Uggdal skule. Tilstades var Grethe Brundtland frå Noregs Bygdekvinnelag og fortalte om det nye prosjektet i Guatemala.  Prosjektet er i samarbeid med Utviklingsfondet som også har støtte frå NORAD.

Utviklingsfondet har som hovudoppgåve å bekjempe svolt og fattigdom i verdas fattige land. 10 prosent av bidraga kjem frå små og store organisasjonar i Noreg, og Noregs Bygdekvinnelag har teke på seg å bidra med kr 150 000.- per år i tre år. Dette vil no alle Fylkeslag og Lokallag ta del i.

 

Foto: Wikipedia

 

Guatemala er eit land med ekstrem høg grad av ulikheit mellom rik og fattig. FNs matvareorganisasjon (FAO) estimerer at 53 prosent av befolkninga lever i fattigdom, og blant Mayaindianere er det så høgt som opptil 83 prosent. Ein høg andel av befolkninga er feilernært, og så mange som 70 prosent av alle barn under fem år har proteinmangel, noko som kan gje varige helseskadar.

Foto: snl.no

 

For å styrkje matsikkerheita og betre situasjonen for småbønder, arbeider Utviklingsfondet med opprettelse av lokale såfrøbanker kor bøndene kan lagre såfrø på ein god og sikker måte.  Her er det moglegheit til å låne frø i tilfelle forrige avling slo feil. Her vil det også bli oppbevart samlingar av ulike lokale og tradisjonelle sorter, samt at det skal tas vare på utrydningdtrua arter. Det etableres grupper som kan drifte dei lokale frøbanker og velgje ut frø av god kvalitet tilpassa dei lokale forholda. På denne måten kan det dyrkas fleire typer grønsaker og dei vil få tilgang til meir næringsriktig mat.

Mange kvinner har få, eller ingen inntektsmoglegheitar. Utviklingsfondet tilbyr spare- og lånegrupper der kvinner kan spare eit lite beløp kvar månad.  Dei bidrar med ein startkapital, slik at kvinnene etter hvert kan ta opp lån for å starte små bedrifter, enten for seg sjølv eller saman med andre. Dette gjer kvinnene økt økonomisk sjølvstendigheit. I tillegg er spare- og lånegruppene ein viktig arena for at kvinner kan møtes og diskutere utfordringar dei møter i kvardagen. Fordi dette er i et urfolksområde, er også kvinnekooperativer som driv med tradisjonell håndverk ein viktig aktivitet.

Norges Bygdekvinnelag planlegg ein medlemstur til Guatemala i september.