Flott gjeng på søndagstur. Foto: Ketil Skjolde

Søndagstur med Tysnes Turlag

Publisert av: May Britt Meland
29/6/2021 20:23

Søndag 27. juni var det tid for den månadlege fellesturen til Tysnes Turlag.
Turen på 5 timar vart litt lenger en dei tidlegare fellesturane, og ein kjekk tur i flott turvær!

Turleiar Ketil Skjolde fortel at turen gjekk frå Skjolda til Uggdalsvarden.
Turfølgjet var innom Brekkestølane, Kinningehovda, Singelstadfjellet på veien til Uggdalsvarden.
Returen gjekk via nordenden av Langedalsvatnet, ned lia sørom Vestølen, forbi Brekkekyrkja og tilbake til Skjolda.

 

-Det var eit flott turfølge som fulgte turleiaren gjennom brakjen og lyng, men og i flott turterreng. Dette er ein tur som ikkje er merka og heller lite stiar å følge, seier Ketil Skjolde.

Foto: Ketil Skjolde