Bilete: Frå babysong på Tysnes Omsorgssenter i 2021

Babysong

Publisert av: Martha Nygård Lande
24/1/2022 14:28

Baby song er alltid lika magisk, og i dag var det ekstra kjekt sidan det kom sju mødre med sine skjønne små for å vera med på Babysong i Uggdal kyrkje.

Det vart både song og leik med dei små. Det såg ut som dei koste seg både med songen, men også med det å vera i lag der dei låg på kyrkjegolvet og smilte, «prata» og studerte kvarandre.

Etter ynskje frå mødrene bestemte me oss for å flytta babysongen til kl. 12.00 sidan det passa betre med sovetidene til dei små.

Neste Babysong vert på Tysnes Omsorgsenter mandag 14. februar kl. 12.00 .

Velkomne til Babysong!