Det var fire handballkampar i Tysneshallen laurdag 10.mars. 

Publisert av: Johnny Helgesen
10/3/2018 16:04

J15 Tysnes- Askøy 3
Fyrst ut var J15 som møtte Askøy 3. Laga spelte ein jamn fyrsteomgang og gjestene leia med berre eitt mål til pause, med stillinga 7-8. I andre omgang fekk Askøy 3 overtaket på heimelaget og kampen enda til slutt med resultatet 14- 20.

K05 Tysnes- Lindås
Damelaget spelte ein god kamp mot Lindås. Også her var fyrste omgang jamn. Begge lag kjempa godt og fekk både gule kort og utvisingar. Til pause stod det 10- 10 på resultattavla. Etter pausen tok tysnesdamene leiinga. Lindås følgde tett etter. 10 minutt ut i omgangen leia heimelaget med tre mål. Og med godt spel frå Tysnes si målvakt, Lea Sofie Dalland, heldt dei leiinga til siste slutt. Kampen enda 25-21 til heimelaget.

J14 Tysnes- Fana 2
Det vart mange mål dei fyrste minutta av kampen, og det var Tysnesjentene som etter kvart tok føringa. Dei leia trygt store delar av omgangen, sjølv om bortelaget henta seg litt inn att då det nærma seg pause. Tysnes leia 10- 8 etter omgangen. Tysnes opna andre omgang med mål, men etter det klarte ingen av laga å få ballen forbi målvaktene før nesten halvspelt omgang. Fana fekk så inn tre kjappe mål og laga låg likt 11-11. Tysnes kjempa seg til knapp leiing, men vart henta raskt inn att. Då kampen gjekk inn i siste speleminutt var stillinga 14-14. Det var bortelaget som hadde ballen og dei sette inn seiersmålet i sluttsekunda. Det vart eit knepent tap til Tysnesjentene 14-15.

G12 Tysnes- MIL/KIL/VIL 1
Sist ut i hallen var G12. Gutane tok leiinga i byrjinga av kampen og hadde mange fine angrep og viste godt forsvarspel. Motstandarene henta inn leiinga midt i omgangen og gjekk til pause med leiing 9-11. Kampen heldt fram med godt spel i andre omgang, men tysnesgutane klart ikkje å hente inn forspranget. Kampen enda til slutt 20-24 til gjestene.

Tekst og foto:. Ida Meland