Tysnes skulekorps på Hordablæsten i Grieghallen 2019

Travelt framover for Tysnes skulekorps!

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/4/2019 12:00

Også i år skal Tysnes skulekorps vera med i NM for skulekorps. Det skal gå av stabelen 22. juni i Stavanger. Før den tid vert det mykje øving for dei ivrige musikantane. Dei skal ha to øvingshelger, siste helga i april og første helga i juni.

Den nye leiaren i korpset, Lena Epland Sløgedal, seier at det sannsynleg blir ein konsert før NM, der dei presenterer programmet.

Tysnes skulekorps i Grieghallen under årets Hordablæst

 

Det har vore årsmøte i korpset og Lena Epland Sløgedal er vorten ny leiar. I styret har ho med seg Vibeke Sælen, Frode Storetvedt, Marita Nesse og Mariche Thuen.

Else Marit Særsten er korpsleiar, saman med Vibeke Sælen. Ann Kristin Langballe og Vibecke Gjerstad er varamedlemmer. Samuel Dalland er valgt til tillitsvalgt i korpset.