Illustrasjonsbilete

Temakveld om bunadbruk

Publisert av: Martha Nygård Lande
5/3/2022 08:31

Tysnes Husflidslag  inviterer til temakveld om bunaden.

Bunaden er foreslått oppført på UNESCOs representative liste over immatriell kulturarv.

Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Studieforbundet kultur og tradisjon ynskjer å nominera bunadbruken i Norge til UNESCOs Representative liste over Immateriell Kulturarv.

Immateriell kulturarv, eller handlingsbåren kunnskap, kan væra musikk, dans og fortellingar, og håndverkskunnskap og kunnskap om naturen.

Immateriell kulturarv har som kjenneteikn at kunnskapen er blitt overført frå generasjon til generasjon, og at den er viktig for folk si forståing av sin historie og sin identitet.

Konvensjonen seier at for at noko skal være immateriell kulturarv, må det være eit kulturelement som vert boren gjennom generasjonane, som er ein del av samfunnet og som er betydningsfullt for menneska i det samfunnet.

Oselvaren står allereie på denne lista.

Nominasjonen er både måten bunaden vert brukt på og håndverket som ligg bak. Begge deler blir ført vidare frå generasjon til generasjon, og blir betydningsfullt nettopp fordi den er i allmenn bruk.

Denne kvelden skal ein diskutere og forsøke å finne svar på ulike spørsmål, blant anna:

  • Kva betyr bunaden for deg?
  • Kva er så spesielt med bunad i Norge?
  • I kva for høve brukar du bunad?
  • Kva må bli gjort for å sikra norsk produksjon av bunaden i framtida?
  • Korleis kan ein gjere folk meir bevisst på den immatrielle kulturarven?

Svara vil i etterkant av møte bli sendt inn og brukt i søknaden til UNESCO.

Du kan lesa meir på Den allmenne bunadbruken i Norge.