Trang fødsel til Tysnesfest!

Publisert av: Vegard Aslaksen
29/3/2018 21:00

Sidan starten i 1992 har Trang Fødsel fora oss med den eine sommarhiten etter den andre. Det er nok å nevne «Drømmedame», «Fredag», «Kursiv» og «Hybel», som er fire av bandets aller mest kjente låter så ringer det nok nokre bjeller hos dei aller fleste.

Trang Fødsel vart skipa av musikkstudentane Hans Petter Aaserud og Jørund Fluge Samuelsen i Bergen. Gjennom hundrevis av konsertar og hyppig radiospeling har dei vunne eit stort publikum.

I 1997 var dei nominert til Spelemannsprisen med låten «Kursiv».

Frontfigur Hans Petter Aaserud er med på årets sesong av «Hver gang vi møtes» på TV2, og i januar slapp dei singelen «Jeg er faen meg det beste som har skjedd deg».