Publisert av: May Britt Meland
13/4/2026 20:52
The queen of kings kjem til Tysnesfest!
Alessandra er ein entertainer av dei sjeldne, og med låtar som Queen of Kings, Narcissist og Pretty Devil har ho tatt Noreg med storm. I 2023 vann ho Melodi Grand Prix og sikra oss deretter ein solid femteplass i Eurovision. Sidan då har den kraftfulle stemma hennar nådd langt utanfor norske grenser og Alessandra har blitt eit globalt anerkjent namn.
I det siste har ho óg vore aktuell som deltaker på Kompani Lauritzen.
Alessandra er kjent for å gjere liveshow av høgste kvalitet, så her er det berre å gjere seg klar for ei vill konsertoppleving med leikande rytmar, catchy refreng, dans og masse energi.
